Kva er munnleg forteljekunst?

Kvar einaste dag fortel vi – om kva som har skjedd og kva som kjem til å skje.
Det å fortelje ligg oss menneske nært , for det er på den måten vi erkjenner oss sjølve. Før skriftkulturen kom inn i historia vår, hadde det å fortelje ein sentral plass i både det private og offentlege liv.
Skalden hadde stor makt, og det var ikkje ein konge som ikkje hadde eigen skald som kunne fortelje hans og slekta si historie.
Forteljinga hadde same plass som TV, film, aviser og skule har i liva våre i dag.
Er forteljekunst “teater light?” Nei, det et er ikkje teater. Eg som forteljar spelar ikkje ei rolle, men er “meg sjølv” når eg fortel. Likevel er munnleg forteljekunst  scenekunst på lik linje med teater. Imidlertid er det lite bruk av scenografi. Det sentrale er møtet mellom tilhøyrarane og forteljinga, der tilhøyraren sjølv skaper sine eigne bileter og gjer forteljinga  til si eiga.
Som forteljar har eg sett opp  ei rekke framsyningar, både åleine og saman med andre kunstnarar.
Repertoaret mitt spenner  frå norske folkeeventyr, havsegner, norrøn og gresk mytologi, afrikanske eventyr, historier frå 1001 natt, skapelsesmyter frå ulike verdshjørner m.m, og  framsyningane er retta mot tilhøyrarar/ grupper i “alle  størelsar”, frå barnehage til næringsliv.

Eg vert og flittig brukt som verkstadhaldar for skuleetaten, kulturskulen og barnehagesektoren.
I  2006-2007  er eg på skuleturné med “Eventyrkista”, eit  kultlaugstilbod i  Kultursekken i Møre og Romsdal.Så treng du ei god historie eller innsikti forteljekunstens magi, gjer vel å ta kontakt.

Vennleg helsing

Guri Aasen

 

 

Guri Aasen - - Om forteljekunst - - Framsyningar - - Verkstadtilbod - - Kva skjer? - - Lenker