Framsyningar

Her er eit utval av forteljeframsyningar som kan tingast.
Nokre  for barn og nokre for vaksne. Sjangrane spenner  frå myter og segner til eventyr og legender , gamle og nye forteljingar. Eg kan fortelje    
                                      
historier
om å finne lukka
om magiske krefter
om kjemper og dvergar
om ovejordiske og underjordiske
om gudar og gudinner
om heltar og heltinner
historier til å le eller gråte av
historier til å verte klok av!

I tillegg til dei faste framsyningane, skreddarsyr eg forteljingar og framsyningar til ulike høve og grupper.

Eg fortel på konferansar, møter og seminar, i selskap og på festivalar, ved arrangement i offentleg og privat regi, på kafear og restaurantar, for næringslivet og organisasjonar, i ulike institusjonar, for skular, barnehagar og bibliotek, på små og store scener, inne og ute, åleine eller saman med andre kunstnarar.

Jacobsenhuset, basen for Forteljeriet Vestafor Måne, er veleigna som forteljescene for inntil 40 personar.

Ta med deg bedrifta, vennegjengen, familien, organisasjonen m.m hit til kulturoasen i havgapet, eller eg kjem dit du skal ha eit arrangement.


Nedanfor finn du ulike tilbod: (pdf-format)

Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra” segner frå havet. Last ned plakat

Ein time i Åsgard

Medusa - kvinna med slangehåret” 

Odyssevs 10 års lange reise på ein time



Guri Aasen - - Om forteljekunst - - Framsyningar - - Verkstadtilbod - - Kva skjer? - - Lenker