
Om historieforteljaren Guri Aasen
Eg heiter Guri Aasen og er historieforteljar. Det har eg vore sidan eg i år 2000 tok utdanninga Munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo.
Etter 27 år som førskulelærar og lærar i
vidaregåande skule i Oslo vende eg i 2003 nasen mot havgapet, og driv no Jacobsenhuset – kulturoasen i havgapet - i kystbyen Fosnavåg på Sunnmørskysten.
Her har og forteljeverksemda mi – Vestafor Måne- basen sin.