Jacobsenhuset - kulturoasen i havgapet

Jacobsenhuset, ein vakker jugendvilla frå 1915, ligg omkransa av ein løyndomsfull hage midt i Fosnavåg sentrum. Kulturoasen er ein møteplass for kunst, kultur,alvor og spøk, og visjonen for alt som skjer her er "All kreativitet i dette hus"!

Det var i det herrens år 2003 at eg ved ei tilfeldigheit fekk auge på den vakre villaen, der den kvit og staseleg, som det reine Soria Moria slott, lyste mot meg.

Herøy kommune likte ideen min om å fylle det tome huset med kultur, og slik såg kulturoasen i havgapet dagens lys 4. april 2003.

I løpet av åra som har gått, har meir enn 4000 sjeler sett navnetrekket sitt i gjesteboka.

For å sjå kva aktivitet som er i huset i næraste framtid, sjå her

Intimscena Rampelys - - Galleri Fallera - - Den lyse ide - - Selskapslokale - - Kulturhagen - -Kva skjer? - - Lenker