
Kulturhagen i havgapet
Jacobsenhagen har oppstått i eit samarbeid med Herøy Hagelag, som ved hjelp av støtte frå Herøy Næringsforum og Herøy vidaregåande skule har attendeført det fordums staselege uteromet til "jugendstilhage".
Storstilt opning gikk av stabelen 2. juni 2007.
Hagen er open for alle; her kan ein ta med seg lunsjen sin, arrangere hageselskap, bivåne små konsertar frå Intimscena Utelys,
eller vandre mellom oldemors stauder.
Hagen vil vere demonstrasjonshage for Herøy Hagelag, og alle planter vert merka med informasjon.
På oppdrag vil vi arrangere forteljevandringar i hagen, der blomane sine historier vert belyst.